Sauda kommune søkjer

Arbeidsgiver
Sauda kommune Sauda kulturskule
Stillingstittel
Kulturskulelærar i piano/ song og musikal
Frist
20.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sauda kommune har ledig 100% fast stilling som kulturskulelærar innan piano/song og musikal.

Er du vår nye kollega?

Sauda kulturskule har undervisning i musikk, visuelle kunstfag og dans, fordelt på i alt ni lærarar. All undervisning finn stad i våre gode undervisningslokaler i nyrenoverte Folkets hus i Sauda sentrum. Individuelle timar i kulturskulen er på 45 minutter, grupper er på ein time eller meir. Kulturskulen er aktiv, og deltek på mange små og store arrangement i løpet av skuleåret. 

Arbeidet går føre seg på ettermiddag og kveldstid, og av og til i helger.

Ansvarsområder:

  • Arbeid som piano/songlærar i ulike aldersgrupper tilknytt tilbodet ved Sauda kulturskule.
  • Det er ein fordel dersom du også kan undervise i Musikk fra livets begynnelse, musikkterapi og/eller har erfaring i å leda kor.
  • Vera ein av to som startar opp eit kor for vaksne og eldre, med vekt på glede.
  • Delta i lærarmøter og samarbeide med andre i kulturskulen.
  • Planlegge undervisningsopplegg og tilpasse undervisninga etter elevane sine behov og etter kulturskulen sin rammeplan.
  • Sørge for oppfølging av frammøtelister og kontakt med føresette.
  • Hjelpe til med å marknadsføre tilbodet og bidra til rekruttering.
  • Delta i små og store arrangement og framsyningar i regi av kulturskulen.

 Krav til kompetanse 

  • Ønskelig med 3 årig utdanning innan musikk og kultur.
  • Pedagogisk kompetanse er ønskelig, men ikkje eit krav.
  • Relevant erfaring eller høg kompetanse i faga kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring frå og/eller god kjennskap til arbeid i kulturskule er ønskelig.
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. 
  • Gode IKT kunnskaper.

Me søkjer etter deg som 

  • Har evne til å knytte god relasjon til elevane, sjå kvar einskild og å skape trygghet.
  • Likar å jobbe med barn og unge.
  • Er imøtekomande, fleksibel og positiv.
  • Har evne til å væra i utvikling og fornying og bidra inn i eit lærande arbeidsfellesskap.
  • Kan væra eit godt førebilde for elevar, som pedagog og utøvar.
  • Har evne til å vera tydelig, inspirerande og engasjerande.
  • Likar utfordringar.
  • Er løysingsorientert.
  • Har evne til å vera ein god lagspelar.
  • Pedagogiske evner og dine personleg eigenskaper vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Ein spanande og variert jobb med eit godt og kreativt  arbeidsmiljø i eit stort handlingsrom.
  • Sentralisert undervisning i flotte undervisningslokaler, der du får treffe dine kollegaer kvar dag.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Gode forsikringsordningar.
  • Lønsvilkår etter gjeldane avtale og regelverk.

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil me kreve godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Skulegata 20, 4200 Sauda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
394626225
Sist endret
21. feb. 2025 02:01