
Barnehagelærar, 100% vikariat
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing barnehagelærar, 100% vikariat barnehageåret 25/26
- Frist
- 16.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Kjekt vikariat i ein god kommune
Barnehagane i Gulen har:
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Det vert ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar frå 01.05.2025/oppstart etter avtale, til medio august 2026 (nytt barnehageår, august 2025, er truleg ein naturleg oppstart for nokre) ved eining Eivindvik barnehage og skule, avdeling barnehage. Barnehageavdelinga er lokalisert like ved skulen, i eige barnehagebygg. Klikk deg inn på linken for meir informasjon om barnehagen.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
- Delta i den daglege drifta
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 394635095
- Sist endret
- 21. feb. 2025 11:56
Mer som dette


