Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar fast og engasjement
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du sosialfagleg kompetanse og erfaring innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar?
Os ungdomsskule har inntil 3x78% faste stillingar barne- og ungdomsarbeidar og inntil 5x78% barne- og ungdomsarbeidar i engasjement for skuleåret 2025/26.
Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring for alle, nærvær og fråvær og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har 70 tilsette og 487 elevar fordelt på 5–6 klassar per trinn. Skulen sitt verdigrunnlag er bygd på tre sentrale fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Vi jobbar målretta med oppdraget i LK20 for å fornye verdigrunnlaget og prinsippa for læring, samt vidareutvikle klasseromspraksisen.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar, bl.a. ved arbeid med læringsmiljø og psykososiale faktorar -- altså vere mykje saman med elevar, både i friminutta og elles. Arbeide førebyggande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå.
- Ha tett samarbeid med andre tilsette, føresette og hjelpeinstansar.
- Følgje opp enkeltelev i skulen.
- Delta i planlegging saman med personalet.
- Vere ein tydeleg vaksen.
Kvalifikasjonar:
Ønskeleg med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller kompetanse frå tilsvarande arbeid.
Erfaring frå arbeid med barn med samspelsvansker.
Kjennskap til elever med vanskar som t.d. ADHD eller elevar på autismespekteret. Erfaring frå arbeid med ungdommar.
God relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar:
•Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar.
•Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
•Tydeleg og god på kommunikasjon.
•Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Til nokre av stillingane oppfordrar vi særleg menn til å søkje.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 8
- Sted
- Oshaugen 6, 5202 Os
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 394651241
- Sist endret
- 21. feb. 2025 01:09
Mer som dette
