Sjukepleiar - Tiltak i heim

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar - Tiltak i heim
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune søkjer etter sjukepleiar i 80% fast stilling, for tida i Tiltak heim. Dette er ei avdeling organisert under Indre Haram heimeteneste.

Likar du å arbeide sjølvstendig, kan kanskje akkurat du vere den rette i denne jobben. Stillinga er oppretta i samband med auka behov for hjelp i heimen hos eit multihandikappa barn. Det vil bli arbeid i turnus. Heimen har bemanning dag, kveld og natt måndag til fredag, samt noko på helg etter behov. Turnus er ikkje endeleg utarbeidd for denne stillinga. Den som får stillinga, vil få moglegheit til å vere med og påverke oppsett av turnus. Heimen er bemanna med sjukepleiarar som har eit tett samarbeid, men ein er stort sett åleine på jobb. Det vil bli gitt god opplæring i arbeidsoppgåvene.

Indre Haram heimeteneste er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. 

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår, er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie, omsorg og oppfølging av barnet
  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta.
  • Bidra til eit godt samarbeid med pårørande.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Evne til å bevare roa i stressande situasjonar.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Ann Cathrin Nyhammer, Avdelingsleiar, 47516769, Ann.Cathrin.Nyhammer@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4924106597

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 09.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
394651977
Sist endret
21. feb. 2025 01:13