Sjukepleiar og Vernepleiar til einingar innan Divisjon Psykisk helsevern
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Sjukepleiar og Vernepleiar innan Divisjon Psykisk helsevern
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg med oppstart juni
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart snarast
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg. Oppstart juni
* Kronstad DPS, Allmenn døgn har ledig følgande stillingar:
- 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i kombinasjon med Bemanningssenteret. Pt er 50% av stillinga ved Allmenn døgn og 50% er ved Bemanningssenteret. Stillinga ved Allmenn døgn inneber årsarbeidsplan, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg.
- 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå snarast til 31.12.2025, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg. Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast i Divisjonen eller ved Bemanningssenteret.
* Bjørgvin DPS, C1 Tertnes døgn har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Turnusarbeid, med arbeid pt kvar 5. helg
For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdelinga og ein kan få vidare fast stilling i Bemanningssenter i føretaket frå hausten.
* Kronstad DPS, Psykose døgn/ Allmenn døgn søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt
turnus med 3. kvar helg. Ein kan også få 3-delt
turn,us eller kun natt
* Øyane DPS, Psykose døgn søker sjukepleiar/vernepleiar til 75% stilling på natt i perioden 30.06.-17.08., 50% stilling på natt i perioden 07.07.-10.08. og 80% stilling dag/aften i perioden 30.06.-17.08.
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Akutt psykose, Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734
Akutt psykose, Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848
Avdeling for Stemningslidingar, Seksjon S6 tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 har 12 plassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Kronstad Allmenn døgn tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt og vi er godt bemanna med kvalifiserte fagpersonar.
Psykose døgn gir tilbod om målretta opphald for pasientar med psykoselidingar. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar.
Kontakt Allmenn døgn: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201
Kontakt Psykose døgn: Hilde Steinli, Tlf. 55956000
Bjørgvin DSP, C1 Tertnes døgns har 15 sengeplassar der 6 plassar er open frå måndag til fredag. C1 er bemanna med overlege, psykologspesialist, lege i spesialisering, turnuskandidat, psykolog i utdanning og 2 sosionomar i tillegg til erfarne miljøterapeutar med høgskuleutdanning. Døgnposten fungerer som ein open akuttavdeling for opptaksområdet. Oppgåver vil vere sjølvstendig behandlaransvar, psykoedukasjon individuelt og i grupper, administrering og monitorering av medikamentell behandling, somatisk oppfølging og symptom monitorering og pårørande- og nettverksarbeid. Vi ser etter deg som er motivert for å vidareutvikle din terapeutiske kompetanse og likar å arbeide i tverrfagleg team, du evner å arbeide sjølvstendig og arbeide målretta, du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, du har god munnleg og skriftleg framstilling og det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet.
Kontakt: Frode Markhus, Tlf. 55957118 eller Øyvind Thomassen, Tlf. 55957120
Øyane DPS, psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoseproblematikk. Seksjonen har 8 sengeplassar, derav 2 treningshyblar for rehabilitering over lengre tid. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykologspesialist, psykologar, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, hjelpepleiarar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt på seksjonen og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnare. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlige element i behandlinga.
Kontakt: Benedicte S. Tiset, Tlf. 56326669
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4926495218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 394666670
- Sist endret
- 22. feb. 2025 06:37