Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
07.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi på kirurgisk sengepost 2 har no ledig 2 x 80% faste stillingar og 3 x 80% vikariat for sjukepleiar!
Stillingane er i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingar

Sengeposten har 22 senger og det vert gitt behandling og pleie innanfor fagområda gastro-, generell- og bryst/endokrinkirurgi. Vi har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar. 

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  


Arbeidsoppgåver

  • Pre- og postoperativ sjukepleie til dei aktuelle pasientgruppene
  • Ø-hjelpsfunksjon til gastrokirurgi og generell kirurgi
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieadministrative og koordinerande oppgåver
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiestudentar kan også søke
  • Søkjarar med kjennskap til fagområda eller avdelinga vert prioriterte
  • Erfaring frå sjukehus er ønskeleg
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
  • Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
  • Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Margrete Rypdal, Seksjonsleiar, margrete.rypdal@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4907676711

Stillingsprosent: 80%

Fast, Vikariat

Startdato: 03.03.2025

Søknadsfrist: 07.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
394669341
Sist endret
21. feb. 2025 02:31