
Avdelingsleiar
- Arbeidsgiver
- Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Frist
- 21.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du eit ynskje om å arbeide som leiar? Vi i Miljøarbeidertenesta i Gloppen har behov for å styrke teamet vårt med ein ny leiar for avdeling Åsateigen og barneavlastninga. Du vil gå inn i eit tverrfagleg leiarteam i tenesta og vere ein del av felles leiargruppe i Helse og velferd, og leiarforumet til kommunedirektøren. Hos oss vil du få høve til å styrke din kompetanse som leiar gjennom relevante kurs og utdanning.
Miljøarbeidertenesta sitt overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi arbeider tverrfagleg for å gje gode tenester til over 60 brukara med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca 70 årsverk i tenesta, dette er vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Personal og fagansvar
- Økonomikontroll
- Arbeidstidsplanlegging
- Samarbeid med eksterne og interne instansar
- Sikre at lovverk og avtalar innan fagområde vert etterlevd
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar, 3-årig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag eller pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
- Gode norskkunnskap, IKT-kompetanse
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling
- God økonomisk forståing
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå mål
- Du kan skape engasjement og motivasjon hjå tilsette
- Du er ansvarsbevisst og god på å skape relasjonar
- Du er løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
- Du er ein pådrivar for å skape gode tenester til brukarane
- Du har engasjement for brukargruppa
- Du kan etterleve verdiane tillit, samarbeid, arbeidsglede og likeverd
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Kompetanseheving
- Lønn etter avtale
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, 930 18 186Gunhild Gimmestad, Kommunalsjef helse og velferd, +47 91640696
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4926433844
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 395104989
- Sist endret
- 10. mars 2025 02:26
Mer som dette
