Lærlingstillingar frå hausten 2025
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Lærlingstillingar
- Frist
- 23.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Vestre Slidre kommune har ledige lærlingplassar frå august 2025 som helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar og reinhaldsoperatør.
Kommunen har dyktige leiarar og rettleiarar, lang erfaring som lærlingbedrift og vil gi deg som lærling god og allsidig opplæring i faget.
Ber om at du spesfiserer i søknaden kva fagretning du søkjer lærlingplass i; helsefag, barne- og ungdomsarbeidar eller reinhaldsoperatør.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver i henhald til opplæringsplan på det aktuelle fagområdet.
- Delta aktivt i opplæringa ved å vise interesse, ta initiativ og arbeide aktivt med kompetansemåla.
- Delta på fagdagar og bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid på arbeidsplassen.
- Bidra til å ivareta eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått VG1 og VG2 innan helsearbeidarfag/ barne- og ungdomsarbeidarfag/ VG1 bygg- og anleggsteknikk.
- Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Lærevillig og fagleg interessert.
- Open og positiv.
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Fleksibel og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr
- Mellombels tilsetting for ein 2- års periode med løn som lærling.
- Ein lærerik arbeidsplass med varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- God oppfølging og rettleiing gjennom heile læretida.
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- Tilsetting skjer elles på dei vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og oppvekst, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.noVidar Jernæs Strand, Dirftsleiar vaktmester og reinhald, 99457827, vidar.jernes.strand@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4924963134
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 395109119
- Sist endret
- 07. mars 2025 08:07
Mer som dette
