Lærling - Barne- og ungdomsarbeidar Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Lærling som barne- og ungdomsarbeidar og helsefagarbeidar
Frist
01.04.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Vil du bli vår nye lærling i 2025?

Barne- og ungdomsarbeidar

Ønskjer du eit yrke som gjev meining, og ei oppleving av å bety noko for andre? Me søkjer deg som vil verta barne- og ungdomsarbeidar. I Samnanger kommune vil me leggja til rette for eit godt læringsmiljø, og me er oppteken av å tilby godt kvalifiserte rettleiarar. Me vil tilby individuell opplæring og varierte arbeidsoppgåver. Læretida er to år, og di opplæring innen barne- og ungdomsarbeiderfaget vil verta fordelt på barnehage, skule samt tilhøyrande skulefritidsordning.

Helsefagarbeidar

Ønskjer du eit yrke som gjev meining, og ei oppleving av å bety noko for andre? Me søkjer deg som vil verta helsefagarbeidar. Som lærling hos oss vil du få din eigen rettleiar som skal sørgja for at du får det du trenger for å koma til målet om å få godkjent fagbrev. Me ynskjer å gje deg den kompetansa du treng for å møta arbeidslivet på ein god og trygg måte. For å bli tilsett som lærling i helsearbeiderfaget må du væra motivert for å læra, interessert i faget og ha evne til å ta ansvar for eiga lærling. Det er krav til dokumentasjon gjennom hele læretiden og det er lærlingen sitt eige ansvar å sørga for at dette blir gjort.


Arbeidsoppgåver

Barne og ungdomsarbeidar:

I læreperioden vil du førebu deg til fagprøven ved å planleggja og gjennomføra pedagogiske aktivitetar primært gjennom leik, knytta til kompetansemåla innanfor faget. I det daglege vil du arbeida som barne- og ungdomsarbeidar ved å planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar, og gjennom dette bidra til å skapa gode og trygge relasjonar og vera god rollemodell som fremjar det einskilde barn si fysiske og psykiske helse.

Helsefagarbeidar:

Personalet vil vera medspelarane dine, og rettleiar vil ha eit særskilt ansvar i høve oppfølging. Det er likevel du som skal læra, og det er viktig at du viser initiativ og deltek aktivt for å nå måla i læreplanen. Du må sjølv stå på for å få fullt utbytte av læretida di. Det er viktig at du samarbeidar med dei andre i avdelingane og at du sjølv oppsøkjer situasjonar og arbeidsoppgåver som du kan læra av. Du skal gjennom læretida utføra pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og brukara i instiutisjon, hemiebuande og på bufellesskapet.


Kvalifikasjonar for begge fag
  • Fullført og bestått VG1 og VG2
  • Evne til å visa omsorg 
  • Bidra til eit godt fagmiljø 
  • Setje deg inn i målene i læreplanen og bidra til eiga læring saman med rettleiar
  • Ha interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer, og ha eigenskapar som gjer deg eigna
  • Meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Motivert og engasjert
  • Opptatt av å skapa gode relasjonar, møta andre på ein respektfull og open måte
  • Lærevillig, nysgjerrig og initiativrik
  • Likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Påliteleg, sjølvstendig og tar ansvar for eiga læring
  • Serviceinstilt og fleksibel
  • Me søkjer deg som er ein god lagspelar, positiv og vil læra gjennom erfaring og nøyaktigheit
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Me tilbyr
  • Variert praksis i dei aktuelle einingane
  • Eit friskt og godt arbeidsmiljø
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysninsorienterte medarbeiarar
  • Arbeidsvilkår i samsvar med vanleg kommunale vilkår
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Som tilsett i Samnanger kommune får du gode læreplassar med engasjerte rettleiarar. Vi har eit godt arbeidsmiljø i kommunen og er opptatt av din trivsel og læring.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla samfunnet elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Du vil bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Nesjavegen 10, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
395142569
Sist endret
25. feb. 2025 09:38