Ferievikarar ved Svingen og Reini bufellesskap
- Arbeidsgiver
- Svingen/Reini, Vinje kommune
- Stillingstittel
- Ferievikarar
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil du vera sommarvikar på Svingen og Reini?
Me søkjer etter deg som vil vera sommarvikar på Svingen og Reini Bufellesskap. Dette er ein fin moglegheit til å få innblikk og erfaring innanfor helse, dersom du går på, eller vurderer utdanning innanfor helses og omsorg.
Svingen og Reini bufellesskap er to bufellesskap, med forholdsvis 11 og 4 plassar. Alle bur i eigen leilighet og mottek tenester frå kommunen. Me er opptekne av at alle bebuarane skal få eit mest mogleg tilrettelagt tilbod ut frå individuelle behov.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og pleie til bebaerane
- Miljøtiltak ovanfor bebuarane, fylgje opp individuelle tiltak
- Heimehjelp etter vedtak - praktisk bistand i heimen
- Praktiske oppgåver i avdelinga, sortere arbeidsklede, rydde, vatne blomar i fellesareal og ute
- Ut på tur med bebuarar, mange har eigne bilar
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, arbeidsom og sjølvstendig
- Du er fleksibel og kan samhandle godt med bebuarar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner og er ein positiv lagspelar som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø
- Du tar initiativ og ynskjer å lære
- Du har interesse for menneske med sammensette behov
- Du snakkar og forstår norsk godt (minimun nivå B2)
- Du har førarkort kl. B - manuelt gir
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev som helsefagarbeidar
- Du er elev/student innan helsefag og ynskjer arbeidserfaring
- Du er ufaglært, men har erfaring/interesse for arbeid med å bistå menneske med sammensette behov
- Du har gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar (tilsvarande nivå B2)
Me tilbyr
Bonusordning:
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 26-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
- Til deg som bind deg for 8 veker, heile perioden, veke 26-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell(e) veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4922149447
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vinjevegen 192, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 395226843
- Sist endret
- 25. feb. 2025 11:54
Mer som dette
