Sjukepleiar med sans for kirurgi og medisin?

Arbeidsgiver
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
13.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Då vil me gjerna ha deg med på laget!

Som sjukepleiar hos oss får du jobba med både medisinske og kirurgiske pasientar. Du vil delta i dagbehandling, samarbeide tett i tverrfaglege team og bidra til undervisning, opplæring og fagleg utvikling – både for deg sjølv og andre. I tillegg får du vere med på å forbetre og utvikle avdelinga vidare. Hos oss finn du støttande kollegaer med ein lett tone med mykje godt humør – og alltid rom for spørsmål. Me har både fag og fellesskap i fokus.

Livet utanfor jobben - vi gjer det enklare for deg:

  • Hjelper til bustad: Du treng ikkje stresse med bustad – me hjelper deg med å finne ein stad du kan kalle heime 
  • Årsplanen: Den tilpasser vi etter dine ønskjer, slik at du får ein god balanse mellom jobb og fritid 
  • Fantastiske fritidsmuligheiter:  Vi ønskjer at du skal trivast både på jobb og i fritida!
    Hardangerfjorden og Odda byr på spektakulære naturopplevingar året rundt – sjå meir her: Hardangerfjord – Opplevingar i Odda.

Er dette noko for deg? Send oss ein søknad – me ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til medisinske og kirurgiske pasientar
  • Dagbehandling av pasientar
  • Bidra med internundervisning
  • Veileding og opplæring av studentar og nytilsette
  • Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring med medisinske og kirurgiske pasientar
  • Gode IKT kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • behandlar pasienten med respekt og omtanke
  • trives i en variert arbeidskvardag
  • tilpasser deg nye situasjonar med letthet
  • er flink til å kommunisere og skape god dialog med andre
  • er løysingsorientert og ansvarsbevisst
  • har fokus på høg fagleg kvalitet

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • hjelp med bustad, oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg 
  • ønskjeturnus/årsarbeidsplan
  • eget opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • konkurransedyktig pensjonsordning.
  • ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10

5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4929646774

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
395526354
Sist endret
27. mars 2025 09:24