Vernepleiar og sjukepleiar til faste stillingar på natt

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk/Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S6, Helse Bergen HF
Stillingstittel
Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt
Frist
11.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. 

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. 

Vi har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og søker etter to sjukepleiarar og ein vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus/Seprep til tre faste 80% stillingar på natt med arbeid pt kvar 3. helg. 

Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. 


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar samt utvikling/og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet i seksjonen
  • Ansvarsvakt i seksjonen
  • Gje god omsorg for pasient
  • Pårørandearbeid
  • Medikamenthandtering
  • Pasientadministrativt arbeid
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
  • Forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykiatri/rus er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå sjukehus/psykiatri er ein fordel
  • Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, samarbeidsvillige og fagleg engasjerte 
  • Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta 
  • Du er tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
  • Har evne til å handtere ulike følgelsesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt
  • Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er opptatt av kvalitet og liker varierte utfordringar
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb 
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Eit godt, engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Fagutvikling og opplæring i terapeutisk mestring av aggresjon 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Silje Skår Jakobsen, Assisterande seksjonsleiar, 55958764, silje.skar.jakobsen@helse-bergen.no

Jan Legreid, Seksjonsleiar, 55958762, jan.legreid@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 4929788716

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 11.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
395705434
Sist endret
18. mars 2025 12:55