Lærarar på barne- og ungdomstrinn
- Arbeidsgiver
- Oppvekst og kultur, Sande kommune
- Stillingstittel
- Lærarar
- Frist
- 23.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Sande kommune søker lærarar frå og med 01.08.2025. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. P.t er det ledig stilling ved Gursken skule og Larsnes skule, både faste stillingar og vikariat.
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning på barnetrinn og/eller ungdomstrinn
- Kontaktlæraroppgåver
- Tett dialog og skule-heim samarbeid
- Ta del i å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø
- Delta i utviklingsarbeid ved skulen og i kommunen
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet, med 60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag.
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskeleg
- Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt elevsyn og evne til å bygge gode relasjonar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du samarbeider godt både med kollegaer og føresette
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er ein god rollemodell
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollegaer.
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
Kontaktinformasjon
Marianne Solbjørg Ose, Einingsleiar Gursken oppvekstsenter, 99239125Oddhild Våge Gjengedal, Einingsleiar Larsnes skule, 47901133
Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4929776676
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- 6082 Gursken
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 396064985
- Sist endret
- 11. mars 2025 08:21