Verksemdsleiar - 100 % fast

Arbeidsgiver
Oppvekst, Vinje kommune
Stillingstittel
Verksemdsleiar - 100 % fast
Frist
14.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein visjonær og raus leiar med hjarte for barn og læring, samarbeid og utvikling? Øyfjell oppvekstsenter søkjer ein engasjert verksemdsleiar til 100 % fast stilling frå 01.08.2025. Vil du vera med å gjera ein forskjell?

Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg. Me treng ein drivande leiar som kan leie utviklingsarbeidet, og som toler at det av og til stormar litt. Både skulen og barnehagen har nærleik til flott natur og eit sterkt og engasjert lokalsamfunn i ryggen. Oppvekstsenteret har opparbeida seg ei rolle som ein viktig aktør i utviklinga av lokalsamfunnet.

Me tilbyr ein unik arbeidsplass med gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst. Oppvekstsenteret sitt leiarteam har i tillegg til verksemdsleiar ein assisterande verksemdsleiar med høg barnehagekompetanse og mange års erfaring frå oppvekstfeltet. Leiarteamet samarbeider tett.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle oppvekstsenteret, i tråd med kommunale og nasjonale mål.
  • Sikre høg kvalitet i undervisning og barnehagetilbod.
  • Leggje til rette for best mogleg samarbeid mellom barnehage og skule, og utnytte potensialet i geografisk nærleik og felles administrativ organisering.
  • Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar, inkludert personalansvar, rekruttering, oppfylging og kompetanseutvikling.
  • Byggje gode relasjonar til, og samarbeide med foreldre, lokalsamfunn og andre samarbeidspartnarar.
  • Leggje til rette for, og aktivt delta i tverrfagleg samarbeid til det beste for barna. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan pedagogikk, men også gjerne leiing eller organisasjonsutvikling.
  • Rektorskulen på universitetsnivå eller vilje til å starte på dette.
  • Erfaring frå undervisning og leiing i skulen.
  • Erfaring frå, eller evne til å setje seg inn i barnehagedrift.
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar, for å ta vare på og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet som pregar Øyfjell oppvekstsenter i dag.
  • Strukturert, målretta og løysingsorientert.
  • Evne til å inspirere og motivere elevar, foreldre og tilsette gjennom å lytte, vise omsorg og mot til å tenkje nytt og ta dei krevjande samtalene.
  • Evne til å sjå heilskap og samanheng i organisasjonen for å sikre god utnytting av kompetanse og ressursar.
  • Fokus på å leggje til rette for læring og utvikling, gjennom å involvere og gje ansvar til medarbeidarar.
  • Fokus på å skape oppslutning om endringer og få alle med deg i endringsprosessar.

Personlege eigenskapar

På eit relativt lite oppvekstsenter, med omkring 60 barn og 15 vaksne, blir fagspennet stort med barnehage, skule og SFO. Me ser etter ein person med lett samansette eigenskapar. Her er nokre av dei me set høgast:

  • Tilpassingsdyktig
    Du har evne til å tilpasse deg, og finne løysingar på utfordringar som kan oppstå i større og mindre samfunn.
  • Kulturell forståing
    Du forstår og respekterer den lokale kulturen og tradisjonane, og kan integrere dette i oppvekstsenteret sitt arbeid.
  • Fleksibilitet
    Du er open for å ta på deg ulike roller og oppgåver, som kan variere frå dag til dag.
  • Engasjement 
    Du har ei genuin interesse for barn og utdanning, og eit ynskje om å bidra til deira utvikling og trivsel og til å bygge sterk identitet og tryggleik
  • Problemløysing 
    Du kan identifisere utfordringar og finne kreative og praktiske løysingar.
  • Empati 
    Du viser omsorg og forståing for både barn og tilsette sine behov og utfordringar. Du ser alle!
  • Naturkjærleik
    Du har ekte interesse for friluftsliv og natur, som kan vera ein viktig del av livet i bygda vår og ein ressurs i undervisninga.

Me tilbyr

  • Spennande og utfordrande leiarstilling i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Støtte og utvikling i skule- og barnhagenettverket i Vinje oppvekst.
  • Gode moglegheiter til etter- og vidareutdanning.
  • Gode leiarutviklingsprogram og oppfylging.
  • Konkurransedyktig løn etter avtale.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
  • Aktivt og støttande lokalsamfunn med rike moglegheiter for friluftsliv og kulturaktivitetar.

  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 
  • Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing, samt godkjent norskopplæring med resultat A2
  • Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet

Kontaktinformasjon

Anders Sandvik, kommunalsjef oppvekst, 95407593, anders.sandvik@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Øyfjellvegen 928

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4929628473

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Øyfjellvegen 928, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
396118486
Sist endret
04. mars 2025 06:58