
Rådgjevar, rørsle/bustad
- Arbeidsgiver
- Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 23.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du å jobbe i eit spennande fagmiljø med tilrettelegging og hjelpemidlar for personer med nedsett funksjonsevne?
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er eit ressurs- og kompetansesenter med totalt 32 tilsette. Vi har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje aktivitet og samfunnsdeltaking for alle.
Vi er organisert under NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, som er eit nasjonalt resultatområde i NAV med ca. 1400 tilsette på landsbasis.
Hjelpemiddelsentralen hjelper kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar ved å gje råd og rettleiing, arrangere kurs og støtte i form av opplæring og tilrettelegging.
Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har frå snarast, ledig ei 100% fast stilling som rådgjevar på fagområdet rørsle/bustad. Vi søkjer etter deg som har erfaring med formidling av hjelpemiddel, og som likar å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne. Du må og ha interesse for tekniske hjelpemidlar.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie brukarar, pårørande og samarbeidspartar om rørslehjelpemiddel
- Formidle rørslehjelpemiddel
- Gi råd, greie ut og formidle hjelpemidlar i bustad, hovudsakleg fastmontert utstyr
- Halde kurs for brukarar og samarbeidspartar
- Samarbeide tverrfagleg og tverretatleg
- Reise ut på synfaring og utprøving
- Hente inn pristilbod, registrering og dokumentasjon
- Delta i nasjonale arbeidsgrupper og utviklingsarbeid
- Planlegge og arrangere aktivitetsdagar-sommar og vinter
- Behandle saker
Vi tek atterhald om endring av arbeidsoppgåver og ansvarsforhold.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i fysioterapi eller ergoterapi
- Førerkort klasse B
- God digital kompetanse
- Skrive og snakke godt norsk
Vi ønsker at du har
- Bakgrunn fra arbeid med tekniske hjelpemiddel
- Erfaring med arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
- Erfaring med tilpassing av rørslehjelpemiddel
- Byggteknisk erfaring/forståing
- Erfaring frå kommunal sektor
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er fleksibel og klarer å arbeide sjølvstendig.
- Det er viktig at du er god på å bygge relasjonar og å sjå løysingar for brukarane/innbyggjarane.
- Arbeidsoppgåvene famnar over eit vidt spekter, du må difor ha stor arbeidskapasitet og vere strukturert.
- Vi arbeider i tverrfaglege team og du må like å samarbeide med andre.
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Triveleg miljø og kjekke kollegaer
- Fleksitidsordning
- Lønn som rådgjevar, kr 540 500,- - 635 400,-
- Pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse( 2% av bruttolønna vert trekt)
Kontaktinformasjon
Inger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95 23 52 87, inger.jorun.arseth@nav.noFrode Hovland, Avdelingsdirektør, 48 10 88 28, frode.hovland@nav.no
Arbeidssted
Steinavegen6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4924327953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Steinavegen, 6800 Førde
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
- FINN-kode
- 396120368
- Sist endret
- 06. mars 2025 08:53
Mer som dette
