Inaktiv

Fagarbeidar/vaktmeistar

Arbeidsgiver
Luster kommune Teknisk drift
Frist
23.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Teknisk drift har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale bygg og utleigebustader, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avløpsnett i kommunen.

For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne medan reinhaldarar og vaktmeistarar møter/arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen.

Stillingsinformasjon

  • Luster kommune har ledig fast 100 % stilling som fagarbeidar/vaktmeistar ved teknisk drift. 

Arbeidsoppgåver

  • drift og vedlikehald av kommunale bygningar
  • drift av byggtekniske installasjonar
  • oppfølging av interne og eksterne kontrollar
  • drift av uteområde kring kommunale bygg
  • noko kontorarbeid/ bruk av dataverktøy
  • anna arbeid ved teknisk drift utifrå kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter ein person med erfaring og kunnskap innan drift og vedlikehald av bygg. All relevant kompetanse vil bli vurdert.

  • Fagbrev innan aktuelt område for drift av bygg - byggdriftar, tømrar, elektrikar eller liknande
  • Førarkort klasse B (BE)
  • Kjennskap til internkontroll og HMT 
  • Kjennskap til bruk av data og styringsverktøy

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og initiativrik
  • Serviceinnstilt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gaupnegrandane 17, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester, Teknisk personell, Håndverker
FINN-kode
396268721
Sist endret
04. mars 2025 01:39