Barne- og ungdomsarbeider på Ypsøy Kystgard, ringevikar / ekstrahjelp
- Arbeidsgiver
- Kystgarden AS
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Frist
- Snarest
Beskrivelse
Arbeidet består i å gje barn og undom positive opplevingar på Kystgarden gjennom styrking av praktiske, faglege og sosiale ferdigheiter etter Kystgarden sin læremodell.
Arbeidet foregår både ute og inne heile året. Både på sjø, i kulturlandskapet og inne på verkstaden, løa og i kjøkkenet. Me har eit breidt fokus på Arbeidslivsfaget (ALF) og barna får prøve seg på mange ulike yrke. For tida er det ekstra behov for ringevikar / ekstrahjelp.
Det overordna målet er at barna skal oppleve meistring og ha gode dagar på Kystgarden, slik at dei får eit betre grunnlag når dei skal velje vidare utdanning og for å klare seg vidare i livet.
Du må ha ei positiv haldning, være fleksibel, engasjert og omsorgsfull, like å være ute på sjø og land, ha god fysikk og være eit godt førebilete. Interesse for natur, kulturlandskap og friluftsliv. Me legg stor vekt på personleg engasjement og eigenskapar i samværet med barna. Opplæring vil bli gjeve.
Du må disponere bil og kunne arbeide minimum 2 døgn pr. månad og enkelte dagar frå 08.30-15.30 ved behov. Du må være fleksibel til å kunne arbeide meir enn 25%.
Fordel med pedagogisk kompetanse, men det er ingen krav. Det er krav om Politiattest. Nynorsk/bokmål.
Lønn og stillingsprosent etter avtale i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø. Pensjonsordning. Send gjerne spørsmål om stillinga på epost og for avtale om telefonsamtale. Søknad innan 30. Mars.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Øpso 17, 5917 Rossland
- Stillingsfunksjon
- Annet, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent
- FINN-kode
- 396395831
- Sist endret
- 15. mars 2025 12:58