Helsesjukepleiar 

Arbeidsgiver
Kinn helsestasjon Florø
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
25.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kinn helsestasjon har totalt 19,4 årsverk, som er fordelt på to avdelingar, ei i Måløy og ei i Florø.
Kinn helsestasjon er organisert i oppvekst og undervisningssektoren med ein felles tenesteleiar for Kinn helsestasjon og ein avdelingsleiar på kvar avdeling. Det er ledig fast stilling som helsesjukepleiar i 100%  frå 1. mai 2025.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Kinn helsestasjon, avdeling Florø. Helsestasjonen har som mål å jobbe for å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og forebyggje sjukdom og skade hos barn og unge.
Arbeidsoppgåver blir utført etter nasjonal faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet, og arbeidsområda er ein kombinasjon mellom barn 0-5 år og skulehelseteneste.  

Kvalifikasjonar

Godkjent helsesjukepleiarutdanning
Helsesjukepleiarstudent eller sjukepleiar som ynskjer å vidareutdanne seg som helsesjukepleiar kan bli vurdert.
Gode norskkunnskaper, både munleg og skriftleg
Førarkort klasse B.
Beherskar digitale verktøy og data godt
Erfaring og evne til tverrfagleg samarbeid 

Personlege eigenskapar

Du er fagleg og personleg trygg
Du har god evne til kommunikasjon med brukarar
Du har evne til tett lagsamarbeid, er strukturert, fleksibel og har gjennomføringsevne
Du har stor arbeidskapasitet og kan arbeide sjølvstendig og målretta innafor gitte rammer
Du har stort engasjement for barn og ung sin oppvekst
Du er omgjengeleg og fleksibel
Det blir  lagt vekt på om du er personleg eigna             

Vi tilbyr

Utfordrande arbeid i eit spennande og dynamisk kollegium. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår, lønn etter tariff, helsesjukepleiarar har eit særskilt tillegg på kr 30.000 i høve 100% stilling.,kompetanselønnsystem. God KLP pensjon.

Kontaktinformasjon

Kari Liseth, Tenesteleiar Helsestasjon, +47 97588744

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune


Referansenr.: 4932418644

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Hans Blomgate 39, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
396401131
Sist endret
05. mars 2025 07:27