Psykiater

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykiater
Frist
02.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Møre og Romsdal styrkar det polikliniske tilbodet ytterlegare. I den samanheng søker vi etter psykiaterar som vil vere med å utvikle og bygge vidare på vårt tilbod ved Ålesund DPS poliklinikk psykisk helse. Vi søker psykiaterar som likar å tenkje nytt, engasjerer seg i faget og pasientane, likar teamarbeid og samstundes kan jobbe sjølvstendig. 

Poliklinikken har i dag 44 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team, eit Tidleg avklaringsteam og fire ulike spissa Allmennteam. Almmenteamet består  av eit nevropsykatrisk team, eit traumeteam, og to generalistteam. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utgreiingskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiatriske lidingar som behandlast i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 15 spesialistar fordelt på dei ulike teama. 

Vi har dei siste åra arbeida med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi erfarer at dette gjer både arbeidskvardagen og det faglege tilbodet betre. Fagfolka har eit stort fokus på å utvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.
Vi har i haust styrka tilbodet og etablera eit Tidleg avklaringsteam. Målet er at flest mogleg pasientar skal få rett behandling til rett nivå, til rett tid.

Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV i webcruiter.


Arbeidsoppgåver

  • Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
  • Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS, samt eller i klinikken herunder deltaking i klinikkens vaktordning og oppfølging av pasienter på TUD

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i psykiatri 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning

Personlege eigenskapar

  • Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste  
  • Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergveien 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4889933508

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog, Lege / Psykiater
FINN-kode
396405063
Sist endret
05. mars 2025 08:06