Inaktiv
Bli vår nye helsesekretær!
- Arbeidsgiver
- Kontaktsenter, Helse Fonna HF
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sekretær
- Frist
- 20.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Likar du å snakke med folk, halde orden og ha ein jobb der dagane går fort?
Ved Kontaktsenteret i Helse Fonna treng vi ein helsesekretær som er pliktoppfyllande, omtenksam og til å stole på – og som ikkje er redd for å ta i eit tak når det trengst. Her får du ein viktig jobb med god opplæring, trivelege kollegaer og høve til å lære meir.
Dette er eit vikariat på fire månader - ein dagtidsstilling – og ein flott sjanse til å få erfaring, bli kjent med ein spennande arbeidsplass og utvikle deg vidare i rolla som helsesekretær.
Blir du med på laget? Søk no! 💙
Kva går jobben ut på?
- Svare på henvendingar til poliklinikkar på telefon
- Endre og avbestille timar
- Samarbeid med poliklinikkar
- Det kan i tillegg tilkomme andre arbeidsoppgaver til stillingen knyttet til Kontaktsenteret
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Utdanning som helsesekretær/sekretær
- Kunnskap og erfaring med DIPS
- God i norsk skriftleg og munnleg og grunnleggande ferdigheiter i engelsk munnleg. Skriv i søknaden om du har språkkompetanse utover norsk
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er serviceinnstilt, tek ansvar og møter både medarbeidarar og brukarar med respekt og imøtekomande haldning.
- ser kva som må gjerast, tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg aktivt til å finne gode løysingar.
- klarer å prioritere oppgåver når det er mykje å gjere, og held fokus på det viktigaste.
- trivst med å jobbe saman med andre, støttar kollegaer og bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- kan omstille deg etter behov, tek på deg nye oppgåver og finn løysingar når situasjonen krev det.
- ser moglegheiter for å lære og utvikle deg i jobben.
Kvifor skal du velje oss?
- Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre, samarbeider godt og deler kunnskap og erfaringar.
- Vi er ei IA-bedrift, noko som betyr at vi jobbar aktivt for å skape ein helsefremjande og inkluderande arbeidsplass der alle får moglegheit til å bidra og utvikle seg.
- Vi legg til rette for at du kan utvikle deg både fagleg og personleg.
- Løn blir fastsett i samsvar med gjeldande tariffavtale, og vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Wenche Jakobsen Falkeid, Avdelingsleiar, wenche.jakobsen.falkeid@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 515531 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4932807745
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 20.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 51, 5531 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 396423512
- Sist endret
- 05. mars 2025 01:46