Inaktiv

Anestesisjukepleiar

Arbeidsgiver
AAM FSS anestesi, Helse Førde
Stillingstittel
Anestesisjukepleiar
Frist
20.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Seksjon anestesi, Førde sentralsjukehus har ledig årsvikariat for anestesisjukepleiar. Oppstart stilling snarast mogeleg. 

Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Då kan seksjonen anestesi ved Førde sentralsjukehus vere rette staden for deg som liker å jobbe i eit hektisk miljø med høg kompetanse. Avdelinga har omlag 20 anestesisjukepleiarar som gjev tjenester både til dagkirurgiske- og inneliggande pasientar, samt pasientar til augeblikkeleg hjelp. Vi har også utpost aktivitet og deltek i diverse akutt team internt på sjukehuset. Stillinga inngår i ein tredelt turnus med helgevakter, for tida kvar 5. helg.

Avdeling for AIO (anestesi, intensiv og operasjon) er ei av 7 avdelingar i kirurgisk klinikk. Avdelinga har eit stort spenn i aktiviteten og dekker seksjonane anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi, sterilsentral og leger anestesi. Legetenesta knytt til luftambulanse og redningshelikopter i Florø er lagt under seksjon legar anestesi.

Avdelinga har også ansvar for AIO tenestene ved lokalsjukehusa i Lærdal og Nordfjord. Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med om lag 240 tilsette. 


Arbeidsoppgåver

  • Anestesiavdelinga utfører anestesitjenester til ortopedi, kirurgi, urologi, gynekologi, ØNH og plastikkirurgi, medisin
  • Utpost: anestesitjenester til kjeve/tannlege, røntgen/MR, auge og assisterer ved fødeepiduraler, medisinske undersøkingar i narkose
  • Vi forventer at søkjar kan utføre anestesioppgåver i tråd med Norsk Standard for anestesi og avdelinga sine rutiner
  • Opplæring vil bli gjeve, og du vil få nye oppgåver i tråd med auka kompetanse
  • Oppfølging av studenter
  • Ansvar for ulike oppgåver innafor drifta av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Må vere godkjend anestesisjukepleiar
  • Fordel med oppdatert yrkeserfaring frå anestesiavdeling
  • Søkjar må ha kunnskap og kompetanse på bruk av vanlege elektroniske dataverktøy. Det er ein fordel å kjenne til DIPS, Meona og Orbit
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg, for å fremme god kommunikasjon med både pasientar og personalgrupper

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du er konstruktiv og løysingsorientert
  • Du er pasientorientert
  • Du er tilpasningsdyktig
  • Du er engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast med å jobbe i team
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må tole å stå i krevjande akutte situasjonar
  • Du er åpen for nye utfordringar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons-og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trond Aamot, Kst. seksjonsleiar, 958 99 559

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4933028230

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
396442425
Sist endret
05. mars 2025 01:22