Lærling reinhaldsoperatør
- Arbeidsgiver
- Lærlingar og vidareutdanning Stord sjukehus
- Stillingstittel
- Lærling
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Helse Fonna aukar satsinga si på lærlingar, og vi er no på jakt etter lærlingar i fleire nye fag.
Frå august 2025 ønskjer vi lærlingar i reinhaldsoperatørfaget ved Stord sjukehus. Helse Fonna har allereie 46 lærlingar, og vi tilbyr eit spennande og aktivt læringsmiljø der du blir godt ivareteken. Våre erfarne rettleiarar vil støtte deg på vegen mot fagprøva og sikre at du får god oppfølging og fagleg utvikling.
Å vere lærling på eit sjukehus er både lærerikt og meiningsfullt. Du får ein variert og utfordrande kvardag, der arbeidet ditt bidreg til at pasientane får eit trygt og godt sjukehustilbod. Saman med engasjerte kollegaer blir du ein viktig del av laget vårt!
Vil du bli lærling hos oss? Søk no og bli ein del av eit spennande læringsmiljø! 😊
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald
- Maskinelt reinhald
- Digital planlegging og dokumentasjon
- Tilleggsoppgåver etter avtale
- Bidra til pasienttryggleik og optimalt innemiljø for brukarane av Helse Fonna sine bygg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fullført VG1 bygg- og anleggs teknikk
- Fullført VG2 reinhaldsoperatør eller bestått teorieksamen reinhaldsoperatør vil bli prioritert
- Andre lærlingeløp kan vurderast
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med ein variert arbeidskvardag og tek ansvar for å løyse oppgåver på ein effektiv måte.
- møter brukarar og kollegaer med respekt og forståing og bidreg til eit godt samarbeid.
- er i god form. Arbeidet kan vere praktisk og fysisk krevjande, så du må kunne utføre oppgåvene på ein trygg og effektiv måte.
- er motivert og god på å jobbe godt saman med andre.
- trivst med å jobbe i team, er positiv og medverkar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- er nysgjerrig, tek til deg ny læring og vågar å prøve nye arbeidsmetodar.
- tek ansvar for eiga opplæring, viser interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale for lærlingar.
- Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- Mogelegheit til å utvikle deg både i faget med tett oppfølging og læring i praksis.
- Ein spennande og læringsrik arbeidskvardag med høg fagleg kompetanse
Vi vil gjerne bli betre kjent med deg! – Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robert Holmstrøm, Avdelingsleiar, 992 88 040Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4926622183
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tysevegen 64, 5416 Stord
- Stillingsfunksjon
- Annet, Renhold, Teknisk personell
- FINN-kode
- 396467293
- Sist endret
- 10. mars 2025 12:25