Inaktiv

Vil du bli vår nye skipsførar?

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Askvoll-Værlandet-Fure pt. MF Nordfjord
Frist
20.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Askvoll - Værlandet - Fure p.t. MF Nordfjord.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
  • Fleksibel Turnus: 12:9 med arb. mandag - onsdag, fredag - mandag, onsdag - fredag, og deretter 9 dager fri. Du har fri 2 av 3 helger, og ekstra fri på sommaren.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!


Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein ansvarleg skipsførar med erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • 12:9 med arb. mandag - onsdag, fredag - mandag, onsdag - fredag 

Kontaktinformasjon

Sandra Kristin Reksten Nekkøy, Operativ leiar, +47 993 43 208, sandra.nekkoy@fjord1.no

Arbeidsstad



6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 4932016344

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.03.2025

Sektor
Privat
Sted
6967 Hellevik i Fjaler
Stillingsfunksjon
Annet, Transport og sjåfør, Maskinfører og -operatør
FINN-kode
396467480
Sist endret
06. mars 2025 07:30