Tilkallingsvikar
- Arbeidsgiver
- Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet
- Stillingstittel
- Tilkalling- og sommervikar
- Frist
- 20.04.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet søkjer etter tilkallingsvikar og sommervikar i vekene 25-34.
Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
Vi har behov for deg som kan ta vaktar dag, kveld og natt, samt helg. Hos oss har vi ein bemanning med 3 på dag, 4 på kveld og 2 på natt. Nattevaktar jobber kvar 3. helg, og i dag/kveld turnus jobber ein kvar 4. helg. Som tilkallingsvikar hos oss vil det bli stilt krav om fleksibilitet, samt å delta på nokre faste møter/samlingar for å sikre god opplæring og informasjon som er naudsynt for å utøve arbeidet hos oss. Behovet vil variere etter når det er ledige vaktar. Som tilkallingsvakt hos oss vil du få tilgang til vår vaktbok slik at du sjølv kan sette deg opp på vakt når du har anledning. Som sommarvikar vil du bli satt opp i ein turnus gjennom somaren etter behov.
Sogn og Fjordane ungdomssenter er eit statleg institusjonstilbod for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Sogn og Fjordane ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har to avdelingar: Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid, med plass til 4 ungdomar på kvar avdeling. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.
Ta ein titt på heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter (https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/)
Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsammensetninga oppfordres menn til å søkje.
Intervjuer vil bli gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta
ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er
miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg
dermed på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og
endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane ferdigheiter som kan skape ein positiv
endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelsar i retningar som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.
Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane. Du må pårekne noko saksbehandling i form av skriftleg dokumentasjon og rapportering, planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktivitetar. Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen. På Meltunet vil dette også innbære gårdsdrift. Du må forhalde deg til fagmodell og fagleg rammeverk.
Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både
oss sjølv som ansatte og overfor ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk,
kommune, skule og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle arenaer.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, eller påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.
- Søkjarar utan høgskuleutdanning, med relevant praksis og/eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeider kan og søkje.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil.
Kven er du:
Det er ønskeleg med- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar:
- Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdommer på rømmen, tvangssiutasjonar og andre fysisk og psykiske krevande oppgåver.
- Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobbar godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
- Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.
- Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
- Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
- Du tålar å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrar ungdommens utvikling.
- Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år., 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 400 000 – 500 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 – 530 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 – 550 000.
- Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tiden lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetjing, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Kopi av vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved søknaden, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Miriam Hoddevik, Avdelingsleder, 46618831, miriam.hoddevik@bufetat.noRagnhild Espeseth, Enhetsleder, 97648956, ragnhild.espeseth@bufetat.no
Arbeidssted
Sophus Lie vegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4929760656
Stillingsprosent: 80, 0%
Sommarjobb, Vikar
Søknadsfrist: 20.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Sophus Lie vegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 396593035
- Sist endret
- 06. mars 2025 12:45
Mer som dette
