Kjeveortoped

Arbeidsgiver
Tk Vestland - Spesialistklinikken
Stillingstittel
Kjeveortoped
Frist
20.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Det er ledig inntil 40% vikariat som spesialist i kjeveortopedi ved Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vest (Tk Vestland) frå 05.05.2025 - 26.03.2026

Har du lyst å jobbe i eit stort fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg!   TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg.
TK Vestland tilbyr spesialisttannhelsetenestar til befolkningen i Vestland.  Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt utadretta verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.

Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19, har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 ansatte på spesialistklinikken. Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.

  

Arbeidsoppgåver

Som spesialist i kjeveortopedi ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist. Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og kjeveortopeden har ei viktig rolle i dette arbeidet. Det vil og inngå i arbeidsoppgåvene å delta i utadretta verksemd som kurs og kompetansehevande tiltak. Tk Vestland er open for å diskutere stillingsstørrelsen på vikariatet inntil 40%.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk godkjenning som spesialist i kjeveortopedi.
Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som spesialist.
Evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode samarbeidsevner som kan fungere godt i eit tverrfagleg miljø. Evne og vilje til å arbeide i tverrfaglege team er ønskjelege eigenskapar som vil bli vektlagd ved tilsetting.

Vi tilbyr

Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ein spennande og utfordrande jobb
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling 

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg 

Kontaktinformasjon

Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996

Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834

Arbeidsstad

Årstadveien 19

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4933501386

Stillingsprosent: 40%

Vikar

Startdato: 05.05.2025

Sluttdato: 26.03.2026

Søknadsfrist: 20.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
396599175
Sist endret
06. mars 2025 01:16