Fastlege Brattvåg legekontor

Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Stillingstittel
Fastlege Brattvåg legekontor
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune - vil du vere med å byggje ein ny kommune?

Brattvåg legekontor har ledig stilling for fastlege. Den ledige lista har pr. i dag om lag 800 pasientar. Vi tilbyr eit solid fagleg og sosialt miljø med fast tilsette legar i alle heimlar. Legekontoret ligg i moderne fasilitetar i tenestehuset i Brattvåg, som vart opna hausten 2019, og har kort pendlaravstand frå Ålesund.

Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med 30% av produksjonsinntektene.

Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og faglege møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling. 


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Varierte og overkomelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
  • Du kan velge mellom konkurransedyktig fastløn med tillegg av 30% bonus av takstproduksjon eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale
  • Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar. Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
  • Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel.
  • ALIS-avtale

Kontaktinformasjon

Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4931584687

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 07.04.2025

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
396692884
Sist endret
07. mars 2025 07:46