Koordinator kvalitetssikringsteam

Arbeidsgiver
Nav fylkeskontor Vestland
Stillingstittel
Koordinator kvalitetssikringsteam
Frist
21.03.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Er du klar for ei spennande og samfunnsnyttig utfordring i ei offentleg verksemd?

Nav Vestland søkjer ein dyktig koordinator til vårt kvalitetssikringsteam på fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP). Som koordinator for dette teamet vil du få fagleg ansvar for eit team som jobbar med å sikre høg kvalitet i sakshandsaminga av arbeidsavklaringspengar. Du vil få ansvar for å koordinere oppgåvene til teamet, sikre lik sakshandsaminga på AAP-feltet i Nav Vestland, og medverke til innføring av eit nytt system for sakshandsaming.

Stillinga som koordinator for kvalitetssikringsteamet vil vere del av avdelinga for fag og tenester, og du vil jobbe tett og tverrfagleg med kollegaer på fylkeskontoret. Kvalitetssikringsteamet vil ha 17 tilsette som jobbar i Nav-kontor i Vestland fylke. Koordinator for teamet vert tilsett ved Nav fylkeskontor Vestland, men kan ha arbeidstad i eit av Nav-kontora i Vestland. Dette er ei prosjektstilling i 100% stilling fram til 31. desember 2026. Oppstart kan avtalast så snart som mogleg.

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med omtrent 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling fag og tenester, avdeling økonomi og analyse, avdeling HR og organisasjon og avdeling partnarskap og kommunikasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og sørge for kvalitetssikring innan fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP) 
  • Følge opp kvalitetsindikatorar for Nav-kontora og Nav Vestland 
  • Delta i nasjonalt fagnettverk for AAP, og halde nettverksmøte for kvalitetssikringsteamet
  • Sikre kompetansedeling og at læring i teamet vert delt med Nav-kontora
  • Tilrettelegge for kompetanse- og kvalitetsutvikling
  • Samhandle med lokale personalleiarar om koordinering og oppfølging av kvalitetssikringsteamet
  • Rapportere resultat og måloppnåing

Andre oppgåver knytt til fagutvikling kan og bli aktuelle. 

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.  
  • Erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
  • Erfaring frå brukaroppfølging
  • Kompetanse innan forvaltningsrett, folketrygdlova og Nav-lova
  • God digital kompetanse
  • Kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du også har:

  • Erfaring med koordinering av team og oppfølging av mål og leveransar
  • Erfaring fra leiing, teamleing eller fagansvar

Vi ser etter deg som

  • Tek initiativ og er løysingsorientert
  • Er ryddig og jobbar strukturert 
  • Har god samarbeidsevne
  • Tenkjer heilskapleg og ser samanhengar

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar  
  • Eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag 
  • Moglegheiter for fagleg utvikling i ei stor offentleg verksemd 
  • Ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  

Kontaktinformasjon

Jane Britt Daae, Avdelingsdirektør, 41460137, jane.britt.daae@nav.no

Arbeidsstad

C. Sundts gate 29

5004 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV


Referansenr.: 4932916097

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 21.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
396694653
Sist endret
07. mars 2025 08:26