
Lærarstillingar - fast og vikariat inntil 400 %
- Arbeidsgiver
- Gimle skule, Fyresdal kommune
- Stillingstittel
- Lærarstillingar fast og vikariat
- Frist
- 23.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gimle skule har to ledige stillingar frå 01.04.2025.
Gimle skule er ein 1-10-skule som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykkel. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.
På Gimle skule arbeider vi kontinuerleg med å skape trygge og gode skulemiljø for elevane kor dei kan oppleve fagleg meistring og sosial inkludering. Per mars 2025 går det 139 elevar ved skulen og det er om lag 30 årsverk. Skulen har rektor og inspektør samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg.
Vi ynskjer no å knytte til oss inntil 400 % lærarressursar i fast stilling og vikariat.
Intervju vil skje fortløpande. Oppstart vil skje omgåande, seinast innan 01.08.2025.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i fag i tråd med lovverk og læreplanar.
- Tett samarbeid med heimar, kollegaer, PPT/BUP gjennom heile skuleåret.
- Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid.
- Kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå universitet/høgskule, jf. Opplæringslova §17 og Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa §12.
- God digital kompetanse til å nytte skulens digitale plattformer. Vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer.
- Det er ynskjeleg med eit eller fleire basisfag for undervisning på ungdomssteget.
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i tysk på ungdomssteget.
- Det er ynskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer.
- Interesse for og evne til å setje seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov.
- Trygg og tydeleg leiar i klasseromma og inneha god relasjonskompetanse.
- Inneha eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Ein spennande og variert kvardag.
Anna informasjon:
- Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
- Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52Arbeidssted
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4933789516
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 23.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- 3870 Fyresdal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 396695502
- Sist endret
- 07. mars 2025 08:14
Mer som dette

