Vikariat nattevakt
- Arbeidsgiver
- Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet
- Stillingstittel
- Vikariat nattevakt
- Frist
- 21.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Informasjon om stillinga og arbeidsstaden
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig 50 % stilling som nattevakt, med oppstart april og til januar 2026. Vikariatet er deler av ei nattevakt stilling, og vil innebære at ein jobbar 4 netter i veka, kvar 3. veke, samt noko møtevirksomhet utanom.
Hjå oss i Sogn og Fjordane ungdomssenter er ikkje ei nattevaktstilling berre å jobbe natt!
Som nattevakt gjer du ein utrulig viktig jobb for ungdomane som bur hjå oss. Du bidreg til omsorg, struktur og tryggheit - som igjen gir ungdomane hjå oss moglegheit til utvikling. Vår turnus for nattevakter er lagt opp til at ein jobbar 2 stykk saman i eit "nattevaktsteam". I turnus er det lagt opp til at ein deltek på faste fagmøter med resten av arbeidsgruppa, og har slikleis mogligheit for fagleg utvikling og er ei viktig stemme inn i vårt faglege miljøterapeutiske arbeid med ungdomane. I tillegg har ein nokre vaktar der ein har meir tid med ungdomane utanom "sovetid".
Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og
unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.
Ta ein titt på heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter (https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/)
Stillingane som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevist omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda om å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsammensetninga oppfordres menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på
begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på
grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gje ungdomane
ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.
Hjå oss jobbar ein for å motivera og engasjera ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke
i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere
praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i
institusjon. - Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.
Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skole og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.
Kvalifikasjonar
- Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60
stp. relevant vidareutdanning. - Har du bachelor innen landbruk og erfaring knytta til å jobbe med barn og unge, oppmodas du og til å søkje.
- Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
- For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med
ungdom med utfordrande åtferd. - Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.
- Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.
- God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Krav om førarkort for personbil.
Kven er du:
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar:
- Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssiutasjonar og andre fysisk og psykiske krevanjande oppgåver.
- Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastingar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
- Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kjollegaer.
- Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
- Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
- Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.
- Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år., 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 400 000 – 500 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 – 530 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 – 550 000.
- Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktig vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Miriam Hoddevik, Avdelingsleder, 46618829, miriam.hoddevik@bufetat.noRagnhild Espeseth, Enhetsleder, 97648956, ragnhild.espeseth@bufetat.no
Arbeidssted
Sophus lie vegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4916391249
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 24.03.2025
Søknadsfrist: 21.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sophus lie vegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 396719610
- Sist endret
- 07. mars 2025 11:56