Verksemdsleiar for Heimetenesta

Arbeidsgiver
Gol kommune Heimetenesta
Frist
23.03.2025
Ansettelsesform
Trainee

Beskrivelse

Heimetenesta skal gi tenester til dei som bur heime og i våre 43 omsorgsbustader.

Vi tilbyr ei spennande og utfordrande leiarstilling med ansvar og handlingsrom til å utvikle gode tenester for heimebuande. Vi søker ein tydeleg leiar med engasjement til å leie helsetenester, der samarbeid og kvalitet står i fokus. Heimetenesta jobbar for at brukarar skal ha eit godt og sjølvstendig liv i heimen sin.

Som leiar hos oss får du tillit og støtte – du får arbeide både sjølvstendig og i team med andre i administrasjonen, samtidig som du har dagleg kontakt med dei tilsette som jobbar ute hos brukarane. Du er ein bidragsytar til at dagleg drift blir utført på ein måte som sikrar tillit og omdømme. Du inngår i eit løyningsorientert miljø som vektlegg openheit og samarbeid.

Omsorgstenestene er for tida inne i ein spennande prosess der vi arbeider med ei framtidsretta organisering av tenestene, ei organisering som òg tek høgde for dei nye utfordringane kommunane.

Det er ei stor grad av tverrfagleg samarbeid i avdelinga og avdelingane. Leiargruppa i helse og omsorg har ei brei fagleg samansetning fleire program som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å vera ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette styrkane sine.

Avdelingsleiar er delegert det administrative og budsjettmessige ansvar for avdelinga i tillegg til personalansvar og fagleg ansvar.

Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef og sit i leiargruppa for helse og omsorg.

Arbeidsoppgåver:
• Skape resultat saman med tilsette innanfor gitte rammer og standardar
• Tenesteinnovasjon basert på tillitsbasert leiing
• Kvalitetsmessig tilpassing etter endringar i brukarar sine behov
• Tilpasse og standardisere tenester til ulike målgrupper
• Fremje bruk av velferdsteknologi og digitalisering bland brukar – og tilsette
• Delta i strategisk arbeid og utvikling av helse og omsorgstenestene
• Sørgje for at avdelinga tek i vare sine primære oppgåver innan utgreiing, behandling, undervising og informasjon overfor pasientar og pårørande
• Skape grunnlag for god rekruttering gjennom eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle medarbeidarar
• Sikre fagutvikling og kvalitetssikring ved avdelinga

Kvalifikasjonar:
• relevant høgskuleutdanning
• leiarutdanning eller leiarerfaring
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ynskjer at du:
• har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver
• har erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
• har kunnskap om turnusplanlegging

Personlege eigenskapar:
• du er god til å forutse problem og utviklar effektive og fornuftige løysningar
• du er en lagspelar
• har erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
• du har gode evner til å kommunisere
• du er god til å planlegge og utvikler omfattende og realistiske planer med både korte og lange tidshorisonter

Vi tilbyr:
• mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• tett samarbeid i ei god og trygg leiargruppe
• fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
• tverrfagleg samarbeid og nettverksgrupper både internt og i Hallingdal
• løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
• god pensjonsordning
• hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut ifrå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom dei har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Helsetunvegen 1, 3550 Gol
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
396725158
Sist endret
07. mars 2025 11:41