Ønskjer du ei spennande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?

Arbeidsgiver
Bremanger kommune
Stillingstittel
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Er målet ditt å få fagbrev i service- og administrasjonsfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan service- og administrasjonsfaget hjå oss!

Bremanger kommune har ledige lærlingplassar innan service- og administrasjonsfaget frå hausten 2025. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.

Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt.


Arbeidsoppgåver

  • Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
  • Service, kundebehandling og rettleiing
  • Skriftleg og munnleg informasjonsformidling

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
  • Kvalifisert til lærekontrakt
  • Beherske data som verktøy
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg

Personlege eigenskapar

  • Som lærling i service- og administrasjonsfaget må du like å arbeide med mennesker
  • Yte god service 
  • Arbeide planmessig, systematisk, rasjonelt og effektivt
  • Evne til læring og omstilling er viktig
  • Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
  • Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret
  • Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
  • Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
  • Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
  • Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
  • Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
  • Løn i høve gjeldande tariffavtale
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi kan hjelpe til å skaffe bustad
  • Du har forsikring heile døgnet
  • God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse

Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.

Vi håpar du ønskjer å verte lærling i Bremanger kommune og ser fram til å få deg med på laget!

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Kontaktinformasjon

Hilde Midtbø, Leiar Servicekontor, 95206055

Arbeidsstad

Granden 4

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune


Referansenr.: 4933766753

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Granden 4, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Kundeservice
FINN-kode
396733369
Sist endret
07. mars 2025 12:39