Inaktiv

Fastlegeheimel med god 8.2-avtale i Øystre Slidre

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Fastlegeheimel med god 8.2-avtale i Øystre Slidre
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øystre Slidre kommune har om lag 3 200 innbyggjarar. Kommunen har eitt legekontor på Heggenes, som ligg midt mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det tre spesialistar i allmennmedisin og ein LIS1 lege, samt stabile og dyktige sjukepleiarar og helsesekretærar. Vi har også ein medisinstudent to gonger i året i 6 veker kvar gong. 

Kommunen planlegg for eit nytt helsesenter med samlokalisering av legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste. Det er etablert interkommunal legevaktordning for dei seks kommunane i Valdres.


Arbeidsoppgåver

Legane i Øystre Slidre har inngått ei felles 8.2-avtale med kommunen:
Kommunen er arbeidsgjevar for medarbeidarane på legekontoret og dekker driftsutgifter, nærare spesifisert i fellesavtalen. Som kompensasjon for dette betaler ikkje kommunen ut basistilskot, utjamningstilskot eller praksiskompensasjon ved kommunale oppgåver utanom ved fråvær etter nattevakt.
Ved fråvær frå praksis grunna kurs eller eigen/barns sjukdom, dekker kommunen halv sats av den til ei kvar tid gjeldande praksiskompensasjonen til Allmennlegeforeningen per dag, avgrensa til éin dag per 100 listepasientar per år.

For tida er det ikkje kommunale oppgåver til denne stillinga, men veiledning av turnuslegar kan bli aktuelt.

Den som har legevakt på dagtid/dagvakt får den til ei kvar tid gjeldande timesatsen regulert i SFS 2305 punkt 6.4 b utbetalt som løn. I samband med avvikling av løna utdanningspermisjon i kommunal stilling, har legane rett på uløna fri frå praksis. Kommunen stiller då vikar i legepraksisen.
Legane dekker kollegialt opp fråvær ved kurs, avspasering etter nattevakt og ved sjukdom inntil to veker.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer velkomne spesialistar i allmennmedisin eller allmennlegar i spesialisering (ALIS).

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit, fagleg dyktigheit og evne til å samarbeide tillegges vekt. 

Vi tilbyr

Kommunen vil leggje til rette for spesialisering og kompetanseutvikling.

Kontaktinformasjon

Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune


Referansenr.: 4934520751

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Lege
FINN-kode
396773763
Sist endret
07. mars 2025 03:21