Inaktiv

Teiknspråktolk

Arbeidsgiver
Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Teiknspråktolk
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Herøy vidaregåande skule er det no ledig inntil to stillingar som teiknspråktolk, arbeidsplan i samsvar med skuleruta.  

Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
VG3 påbygging til studiekompetanse

Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Arbeidsoppgåver

Tolking av undervisning på aktuelle programfag.

Tolking i praksissituasjonar, også utanfor skulen.

Andre oppgaver som bedrer kommunikasjons- og informasjonsflyt mellom høyrande og hørselshemma.

Informasjonsarbeid.

Tverrfagleg samarbeid.

Administrative oppgaver knyttet til tolkearbeidet.

Arbeidet vil i hovedsak foregå på arbeidsplassen, men noko arbeid eksternt må påreknast.

Andre oppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • Fullført bachelorstudium i teiknspråk og tolking
  • Er offentleg godkjent døvetolk.
  • Relevant erfaring vert vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  • Grunnleggande IKT-kunnskapar

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • du må like å arbeide med ungdom.
  • du har eit stort engasjement for faget ditt og er fagleg trygg
  • du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • du har ein inkluderande veremåte.
  • du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • du likar godt å samarbeide.
  • du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
  • personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • faglig utvikling
  • rettleiing for nytilsett personale



 

 

Kontaktinformasjon

Tore Tangen, Rektor, +47 95933931

Taklo Randi Helen Kvalsund, Fagleder, 90789632

Arbeidsstad

Lisjebøveien 4

6091 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4928411450

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 11.08.2025

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Lisjebøveien 4, 6091 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
397174405
Sist endret
10. mars 2025 06:50