Fastlege
- Arbeidsgiver
- Masfjorden kommune
- Stillingstittel
- Fastlege (mars 2025)
- Frist
- 21.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver fastlege
Me tilbyr
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg i naturskjøne omgjevnader 1,5 timars kjøring frå Bergen. Me tilbyr fastløn og fleksibel arbeidstid. Stillinga er knytt til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Arbeidsoppgåver fastlege
- Fastlegeliste 600-800 pasientar
- Det er lagt helsestasjonsoppgåver til stillinga
- Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik
Me tilbyr
- Arbeidstid med anledning til å jobbe lengre dager i kombinasjon med avspasering og heimekontor etter nærare avtale
- Fastløn
- Høgt fagleg nivå i våre tenester og eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone
- Samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester
- Pensjonsordning i KLP
- Hjelp til å skaffe bustad
- Barnehageplass
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
- Ynskjeleg med spesialitet i almennmedisin
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs)
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2
- Førarkort klasse B, og disponere eigen bil
- Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga
- Personlege eigenskapar vert vektlagte
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
- Gode evner til kommunikasjon
- Fleksibel og løysingsorientert
- Kunne bidra til eit godt miljø - både fagleg og sosialt
Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.
. Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopD- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fensfjordbygget, 5986 Hosteland
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
- FINN-kode
- 397207970
- Sist endret
- 01. apr. 2025 06:57