Mellombels forskarstilling i kryptografiske element av påliteleg KI

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Mellombels forskarstilling i kryptografiske element av påliteleg KI
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Forskar i kryptografiske element av påliteleg KI

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i kryptografiske element av påliteleg KI.
Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til FRIPRO-prosjektet «Cryptographic elements of trustworthy AI» finansiert av NFR.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
  • Analysere tryggleiken til maskinlæringsmodellar (ML) mot datamodifikasjonar, ved å bruke prinsipp frå differensiell kryptanalyse.
  • Analysere tryggleiken til ML-modellar mot angrep som har som mål å gjenopprette parameterane til modellen (f.eks. vektene til eit nevralt nettverk).
  • Undersøke om det er mogleg å forbetre tryggleiken til ML-modellar ved å gjere dei meir motstandsdyktige mot nemnde angrep, ved å bruke teknikkar frå differensiell og lineær kryptanalyse.


Forskaren skal arbeide i eit team i Selmersenteret for trygg kommunikasjon, med mellom anna professor II Vincent Rijmen, professor II Stjepan Picek og professor Lilya Budaghyan.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller matematikk.
  • Søkarar må ha ei ekte interesse for kunstig intelligens (KI), og søknadsbrevet må vere relatert til kryptografi og bruken av dette for tryggleiken til KI.
  • Dokumentert forskingserfaring med matematiske verktøy innan kryptografi er eit krav.
  • Erfaring med maskinlæring og tryggleiksproblem knytt til KI er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.


Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Vi kan tilby
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500-780 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Publikasjonar, vitskaplege arbeid som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga
    (ikkje meir enn 10) og ei liste over desse
  • eventuelle publikasjonar
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Lilya Budaghyan ved Institutt for informatikk, Lilya.Budaghyan@uib.no eller +47 55584287
instituttleiar Inge Jonassen på inge.jonassen@uib.no, eller +47 55584713


For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Karoline Christiansen på +47 55 58 47 70 eller karoline.christiansen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, IT utvikling / Utvikler (generell), Ingeniør
FINN-kode
397212600
Sist endret
10. mars 2025 02:08