Inaktiv
Vil du bli del av vårt fagleiarteam?
- Arbeidsgiver
- Bremanger kommune
- Stillingstittel
- Fagleiar
- Frist
- 30.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Bremanger kommune, for tida i tenesta menneske med nedsett funksjonsevne i Open omsorg indre, er det ledig ei fagleiarstilling.
Vi har ledig ei 100% stilling. Stillinga vil vere ei kombinert leiar og direkte brukarretta -stilling. Den vil også vere ein del av eit fagleiar team kor det vil vere tett dialog kring det som gjeld faglege utfordringar. Vi søkjer difor ein engasjert og kompetent person til å vere med å leie og utvikle vår teneste i Open omsorg indre. Du vil få ei sentral rolle i å sikre god omsorg og livskvalitet for våre brukarar.
Arbeidsoppgåver
- Nært samarbeid med driftssjef i OOI og andre fagleiarar i Helse og Omsorg
- Leie og koordinere tenesta for menneske med nedsette funksjonsevne, inkludert heimetenestene og tilrettelegging av aktivitetar
- Moglegheit til å vere med i utviklingsarbeid
- Kartlegging av tenestebehov for den einskilde brukar
- Planleggje og følgje opp individuelle omsorgsplanar i samarbeid med brukarar, verge og pårørande
- Sikre at tenesta levere kvalitetsomsorg i tråd med gjeldande lover og foreskrifter
- Vere med å videreutvikle tenestene gjennom rettleiing og undervisning
- Tverrfagleg samarbeid
- Rekruttere, lære opp og følgje opp nytilsette
- Dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse- og sosialfag, gjerne med leiingserfaring. Minimum bachelorgrad
- Erfaring frå arbeid med menneske med nedsette funksjonsevne og/eller med psykiske lidingar, eit ønske men ikkje eit krav
- Evne til å leie og inspirere medarbeidarar
- Du har gjerne erfaring frå administrasjon og arbeidstidsplanlegging
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunnskap om relevant lovgjeving og regelver
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeidar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter og vere ein lagspelar. I tillegg håpar vi du er løysningsorientert og ynskjer å vere med å videreutvikle tenestene våre. Serviceinnstilling, erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt.Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Startpakke for nye arbeidstakarar som vert tilsett i kommunal stilling etter 01.01.2025.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4935491682
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 397234675
- Sist endret
- 11. mars 2025 07:53