Lærling reinhaldsoperatør
- Arbeidsgiver
- Lærlingar og vidareutdanning, Odda sjukehus
- Stillingstittel
- Lærling
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Helse Fonna aukar satsinga si på lærlingar, og vi er no på jakt etter lærlingar i fleire nye fag.
Frå august 2025 vil vi også ha lærlingar i reinhaldsoperatørfaget ved Odda sjukehus. Helse Fonna har frå før 46 lærlingar. Hos oss får du jobbe i eit spanande og aktivt læringsmiljø der du blir godt ivareteken. Våre dyktige rettleiarar vil bidra til at du får ein god veg fram til fagprøva.
Å vere lærling på eit sjukehus er spanande, variert, utfordrande og ein jobb med meining. Saman med dyktige kollegaer vil du vere eit viktig bidrag til at pasientane får god helsehjelp hos oss.
Vil du bli lærling hos oss? Søk no og bli ein del av eit spennande læringsmiljø! 😊
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald
- Maskinelt reinhald
- Digital planlegging og dokumentasjon
- Tilleggsoppgåver etter avtale
- Bidra til pasienttryggleik og optimalt innemiljø for brukarane av Helse Fonna sine bygg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fullført VG1 bygg- og anleggs teknikk
- Fullført VG2 reinhaldsoperatør eller bestått teorieksamen reinhaldsoperatør vil bli prioritert
- Andre lærlingeløp kan vurderast
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med ein variert arbeidskvardag og tek ansvar for å løyse oppgåver på ein effektiv måte.
- møter brukarar og kollegaer med respekt og forståing og bidreg til eit godt samarbeid.
- er i god form. Arbeidet kan vere praktisk og fysisk krevjande, så du må kunne utføre oppgåvene på ein trygg og effektiv måte.
- er motivert og god på å jobbe godt saman med andre.
- trivst med å jobbe i team, er positiv og medverkar til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- er nysgjerrig, tek til deg ny læring og vågar å prøve nye arbeidsmetodar.
- tek ansvar for eiga opplæring, viser interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale for lærlingar.
- Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- Mogelegheit til å utvikle deg både i faget med tett oppfølging og læring i praksis.
- Ein spennande og læringsrik arbeidskvardag med høg fagleg kompetanse
Vi vil gjerne bli betre kjent med deg! – Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bente Furrebøe, Avdelingsleiar, 53651097Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4932432702
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Annet, Renhold, Teknisk personell
- FINN-kode
- 397247174
- Sist endret
- 11. mars 2025 08:21