Inaktiv

Lærling reinhaldsoperatør                

Arbeidsgiver
Lærlingar og vidareutdanning, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Lærling
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

  • Helse Fonna aukar satsinga si på lærlingar, og vi er no på jakt etter lærlingar i fleire nye fag.

    Frå august 2025 vil vi også ha lærlingar i reinhaldsoperatørfaget ved Haugesund sjukehus. Helse Fonna har frå før 46 lærlingar. Hos oss får du jobbe i eit spanande og aktivt læringsmiljø der du blir godt ivareteken. Våre dyktige rettleiarar vil bidra til at du får ein god veg fram til fagprøva.

    Å vere lærling på eit sjukehus er spanande, variert, utfordrande og ein jobb med meining. Saman med dyktige kollegaer vil du vere eit viktig bidrag til at pasientane får god helsehjelp hos oss.

    Vil du bli lærling hos oss? Søk no og bli ein del av eit spennande læringsmiljø! 😊


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald
  • Maskinelt reinhald
  • Digital planlegging og dokumentasjon
  • Tilleggsoppgåver etter avtale
  • Bidra til pasienttryggleik og optimalt innemiljø for brukarane av Helse Fonna sine bygg

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fullført VG1 bygg- og anleggs teknikk
  • Fullført VG2 reinhaldsoperatør eller bestått teorieksamen reinhaldsoperatør vil bli prioritert
  • Andre lærlingeløp kan vurderast

Kva ser vi etter hos deg?

  • Fleksibilitet og initiativ for å handtere ein variert og viktig jobb
  • Kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar i møte med brukarar som får tenester
  • Vere i normalt god form
  • Personlege eigenskapar som samarbeidsevner, motivasjon for faget og eignaheit, blir vektlagt
  • Omgjengeleg, opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Lærevillig og vågar å bruke ny kunnskap
  • Pliktoppfyllande, viser engasjement for eigen opplæring og utvikling

    Personlege eigenskapar vert særleg vektlagd

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale for lærlingar.
  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Mogelegheit til å utvikle deg både i faget med tett oppfølging og læring i praksis.
  • Ein spennande og læringsrik arbeidskvardag med høg fagleg kompetanse

Vi vil gjerne bli betre kjent med deg! – Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jarle Reinertsen, Avdelingsleiar, 41324805

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4935618188

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Annet, Renhold, Teknisk personell
FINN-kode
397249094
Sist endret
11. mars 2025 08:30