Vinstra vidaregåande skule - Lærling i dataelektronikerfaget/IT-driftsfaget

Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
Frist
02.04.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Beskrivelse

Vinstra vidaregåande skule søker lærling i dataelektronikerfaget eller IT-driftsfaget frå 4. august 2025

Vi søkjer deg som

  • er motivert og lærevillig
  • er punktleg og påliteleg
  • er engasjert og omgjengeleg
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er nysgjerrig i faget og setter deg inn i ny teknologi
  • er løysingsorientert og sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og liker å hjelpe andre

Vi tilbyr

  • eit nettverk av gode og dyktige kollegaer der hjelp og støtte aldri er langt unna
  • eit aktivt og utviklande læringsmiljø
  • ei stilling som gir variert praksis med gode utviklingsmoglegheiter
  • strukturert opplæring med fokus på fagleg utvikling i samarbeid med Opplæringskontoret i Innlandet
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 100 % stilling som lærling frå 4. august 2025
  • du vil bli følgt opp  av ein fagleg leiar
  • arbeidsstad Vinstra vidaregåande skule

Arbeidsoppgåver

  • dagleg ansvar for at alt datautstyr til ein kvar tid er operativt
  • planlegging, igangsetting, drift og vedlikehald av skolens IKT-utstyr, nettverk og infrastruktur
  • brukarstøtte og opplæring/veiledning av elevar og tilsette
  • være med å lage nye løysningar og gjere det gamle betre
  • oppgåver i høve til aktuell læreplan

Kvalifikasjonskrav

  • fullført og bestått Vg2 datateknologi og elektronikk eller VG2 informasjonsteknologi

Ønskte kvalifikasjoner

  • omgjengeleg og serviceorientert
  • være lærevillig og ha ei positiv innstilling
  • være løysingsorientert, kreativ og samarbeidsvillig
  • god orden og åtferd

Ønskte eigenskapar

  • Legg inn tekst

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations, IT drift og vedlikehold / IT-support, Teknisk personell
FINN-kode
397374770
Sist endret
11. mars 2025 11:52