
Helgestillingar i heimebasert omsorg, Valderøy omsorgsdistrikt
- Arbeidsgiver
- Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- Stillingstittel
- Helgestillingar i heimebasert omsorg, Valderøy omsorgsdistrikt
- Frist
- 26.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Heimesjukepleien har brukarar i eit vidt aldersspenn, med fleire ulike funksjonsnedsettingar og hjelpebehov. Vi gir helsetjenester og personleg assistanse til dei som har behov for bistand, tilrettelegging og veiledning for å utføre nødvendige daglege gjeremål. Dette gir dei tilsette ein svært variert arbeidskvardag.
Har du lyst på ein meningsfull jobb, i eit engasjerande arbeidsmiljø, med fokus på fag og mange ulike arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg! Vi har behov for fleire fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar og studentar som kan jobbe på helg i ein fast turnus. Stillingsprosent blir opp til deg.
I tillegg til formell utdanning og praksis, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Gi stell og pleie til heimebuande.
- Følge opp medikamenthandtering.
- Kartlegge og observere helsetilstanden til heimebuande.
- Tilrettelegge for ernæring etter brukar sitt behov.
- Ha kvardagsmeistring som tankesett i møte med brukarar og pårørende.
- Dokumentere i rapporteringsverktøyet vårt, Visma Profil.
- Gi tjenester i samsvar med gjeldende lover, yrkesetiske retningslinjer, reglar og vedtak.
- Innvendig og utvendig reinhald av bilane vi disponerer.
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav til formell utdanning, men fagarbeidarar med relevant utdanning vil bli prioritert ved tilsetjing, og kan få fast stilling.
- Erfaring i stell og pleieoppgåver.
- Du må være interessert i å jobbe innanfor helse og kunne møte mennesker med ulike funksjonssnedsettingar på en god måte.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha førerkort klasse B, og like å køyre bil.
Personlege eigenskapar
- Viser omsorg for andre menneske.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god digital kompetanse.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Stipendordning for sjukepleiar- og vernepleierstudenter.
- Tjenestebil til bruk i arbeidstida.
- God opplæring som er tilpassa ditt behov.
- Eit godt arbeidsmiljø i lag med engasjerte og dyktige kollegaer.
Kontaktinformasjon
Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4936110161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Valderøya, 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 397392150
- Sist endret
- 11. mars 2025 01:18
Mer som dette
