Etterforskar - internettrelaterte saker

Arbeidsgiver
KRISTIANSUND - Seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking, Møre og R
Stillingstittel
Etterforskar - internettrelaterte saker
Frist
25.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønskjer du å jobbe med etterforsking av internettrelaterte saker ved Kristiansund politistasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2/1. Det kan også bli ledig fleire stillingar.

Kandidatar med avgangsår frå politihøgskulen i 2025 kan også søkje på stillinga.

Etterforskarane er etablerte i ulike team som samla har ansvar for den generelle straffesaksportefølja til seksjonen, og hjelper ved behov heile geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal i straffesaksbehandlinga.  I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggande strategien til politiet.

Seksjonen har i dag eit sterkt fagmiljø og fleire medarbeidarar med lang erfaring og høg kompetanse innan oppgåveporteføljen til seksjonen. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og tidvis stort arbeidspress.

I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Stillinga er for tida ved Kristiansund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad er i Kristiansund.


Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking av straffesaker som gjeld internettrelaterte overgrep, herunder strl. §§311--saker
  • Utføre taktisk etterforsking i saker innan eige spesialfelt, utarbeide etterforskingsplaner i Indicia, gjennomføre avhøyr, hovedsakleg videoavhøyr
  • Fungere som hovudetterforskar i sak
  • Utføre sikring og taktisk gjennomgang av digitale bevis
  • Delta i operative aksjonar
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Bidra til at dei faglege oppgåvene blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendige:

  • Fullført og bestått Politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål skal leggast ved og vi oppmodar til å bruke funksjonen for å hente vitnemålet direkte inn frå vitnemålsportalen når du søkjer på stillinga. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx 
  • God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Operativ godkjenning i minimum AOP, eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP-godkjent for kategori 4
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Erfaring frå politistilling
  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Erfaring frå etterforsking, etterforskning av seksuallovbrudd og alvorlege voldssaker
  • Erfaring i bruk av Axiom, Griffeye eller andre dataverktøy
  • Erfaring med å gjennomføre videoavhøyr
  • Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale bevis
  • Erfaring med arbeid i prosjektmodulen i Indicia, utarbeiding av etterforskningsplanar
  • Utdanning innan digital sporsikring og/eller kurs i digitale sporsikringsverktøy 
  • Vidareutdanning innan etterforsking, etterforskningsleiing eller tilsvarande 
  • Vidareutdanning innan fagfeltet seksuelle overgrep

Personlege eigenskapar


  • Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget i sin heilheit
  • Gode samarbeidsevne
  • Strukturert, effektiv og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 585 000 - kr. 680 000
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 525 000 - kr. 580 000
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 500 000 - kr. 560 000
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
  • Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Knut Endreseth, 71589463

Eirik Andre Sæther, 71589455

Arbeidsstad

Storgata 43

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4930119153

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 25.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
397393263
Sist endret
12. mars 2025 01:04