Bli med å gjer ein forskjell for dei ungdomane som treng oss mest!

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane ungdomssenter avdeling Bregnetunet behandling høy.
Stillingstittel
Vikariat - Miljøterapeutstilling
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd Bregnetunet, ser etter vikarer i stilling frå 70 til 100 %. Vikariata varer i første omgang til utgangen av august 2026, med moglegheit for forlenging. 

Informasjon om stillinga og arbeidsstaden: 

Avdeling Bregnetunet er eit tilbod til behandlig for ungdom som treng å redusere negativt handlingsmønster, og hjelpe dei med å snu ei utvikling som er til skade for deira framtidsmoglegheitar. Arbeidskvardagen vil bestå av godt systematisert miljøterapi og tett samarbeid med instansar rundt oss, og vi på Bregnetunet skal jobba tett og godt saman med ungdomane. Vi har inntil 3 ungdomar buande hjå oss i alderen 13 - 18 år. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen, som inneber strukturert og målretta arbeid rundt den enkelte.

Vår primære miljøterapeutiske oppgåve er å legge til rette for at ungdomen kan arbeide med si eiga utvikling gjennom å tilby:

Tydelege, tilbakevendande strukturar, og varme og truverdige relasjonar for å mogleggjere eit liv verdt å leve.

Dersom du set pris på eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse, så bør du ikkje la denne sjansen gå i frå deg.

Vi kan tilby ein helsefremmande todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. For ansatte i dag/kveld turnus er det for tida kombinasjon av dag- og kveldsvaktar, samt nokre lange vaktar på 12,5 time.  Nattevaktane har arbeidshelg kvar 3. helg. Ein turnus som gir deg fagleg påfyll kvar veke gjennom deltakelse på konsultasjonsteam, og Tryggheit og sikkerheitstrening saman med kollegaer. Vi har vekentleg møtestruktrur for ansatte i turnus.

Dersom du vil lese meir om korleis det er å jobbe hos oss på Bregnetunet kan du ta kontakt med ein av oss i leiinga, eventuelt ta ein titt på på heimesida vår: 

 Sogn og Fjordane ungdomssenter (Sogn og Fjordane ungdomssenter | Bufdir)

Vi ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant våre tilsette, med bakgrunn i gitte føringar i Rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter består av avdeling Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid, og har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte.

Sentralt for arbeidet på
begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på
grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg.

Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane
ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.

  • Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke
    i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
  • Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige
    samarbeidspartar rundt den einskilde ungdom.
  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere
    praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i
    institusjon.
  • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skule og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.

Kvalifikasjonar

  • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog, politi eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60
    stp. relevant vidareutdanning.
  • For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med
    ungdom med utfordrande åtferd. 
  • Kandidatar utan høgskuleutdanning, men som har relevant erfaring og er godt personleg eigna, kan og vurderast.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid. 
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Krav til førarkort 

Kven er du:

Det er ønskeleg at du har;

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
  • Kjennskap til Traumebevisst omsorg.

Personlige eigenskapar:

  • Du har god fysisk og psykisk helse da oppgåvene kan vere å innhente ungdomar på rømmen, tvangssiutasjoner og andre fysisk og psykiske krevjande oppgåver. 
  • Du er ein robust miljøterapeut, herunder tåler belastningar over tid, handterer stress godt, står trygt i motstand og avvisning, jobber godt med kontroll og ytre motivasjon og ser dei små framskritt utan store endringar.
  • Du har god gjennomføringsevne, er ein lagspelar og er uthalden og lojal til din leiar og kollegaer.
  • Du er tydeleg og regulert i din kommunikasjon og grensesetting.
  • Du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar.
  • Du tåler å møte kraftige uttrykk og søkjer hjelp når eigne følelsar hindrer ungdomens utvikling.
  • Du er ryddig og forstår og etterlever grunnleggande struktur i miljøterapien.
  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.
  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.

Vi tilbyr

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut,  p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år., 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 645 000 pr. år.
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 400 000 – 500 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 – 530 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 – 550 000.
  • Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

 

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved søknaden.

Kontaktinformasjon

Ester Ytredal, Avdelingsleder, 46619766, ester.ytredal@bufetat.no

Ragnhild Espeseth, Enhetsleder, 97648956, ragnhild.espeseth@bufetat.no

Arbeidssted

Bregnetunet 15

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat


Referansenr.: 4929959132

Stillingsprosent: 100, 70%

Vikar

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Bregnetunet 15, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
397395069
Sist endret
24. mars 2025 11:50