Fysioterapeut med ansvar for korttids/rehabiliteringsavdelinga

Arbeidsgiver
Fysio/ergo, Vinje kommune
Stillingstittel
Fysioterapeut med ansvar for korttids/rehabiliteringsavdelinga
Frist
26.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!

  • Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
  • Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
  • Du som blir lokka av det nære og trygge
  • Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
  • Du som vil få til noko

- Du kjem til å trivast her i Vinje! 

Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapiavdeling, da vår gode kollega skal ut i svangerskapspermisjon. Hjå oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.

Fysio- og ergoterapiavdelinga er organisert  under verksemda helse og førebygging, saman med legekontor, helsestasjon- og skulehelsetenesta, kommunepsykolog og det interkommunale jordmorsamarbeidet. Avdelinga består i dag av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot. 


Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsoppgåve er tverrfagleg rehabilitering på ei velfungerande korttidsavdeling, med fagleg engasjerte og kreative tilsette. Me er gode på tverrfagleg samarbeid!

  • Rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Habilitering/rehabilitering i heimen
  • Lærings- og meistringskurs 
  • Instruktør i gruppetrening på dagtid, i regi av Frisklivssentralen
  • Deltaking i utviklings- og forbetringsarbeid i form av grupper eller prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Har autorisasjon som fysioterapeut  
  • Har kompetanse og/eller erfaring innan rehabilitering 
  • God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har fagleg engasjement, og evne til å bidra i fagleg utvikling
  • Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
  • Du er fleksibel og omstillingsdyktig
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner

Vi tilbyr

  • Særs gode kollegaer
  • Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
  • Rom for fagleg utvikling
  • Løn etter utdanning og kvalifikasjonar, Vinje har eigen lokal lønstige og gode lønsvilkår
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Køyregjodtgjersle
  • Gratis skulemat
  • Gratis SFO 1.-3. klasse
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666

Arbeidsstad

Vinjevegen 192

3890 VINJE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4936598494

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 20.02.2026

Søknadsfrist: 26.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
397518542
Sist endret
12. mars 2025 02:25