Liker du å kokkelere på sjøen? Bli med på Hardangerjakta Mathilde!

Arbeidsgiver
Hardanger Fartøyvernsenter ved Hardanger og Voss museum
Stillingstittel
Kokekyndig dekksmann
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Har du erfaring med matlaging og lyst på en unik jobb til sjøs? Me søkjer ein kokekyndig person til Hardangerjakta Mathilde for sesongen 2025!




Hva vi ser etter

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring med matlaging, gjerne frå storkjøkken, kantine eller tilsvarande
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Kan trivst med å jobba på få kvadratmeter og tett på resten av mannskapet
  • Har gode samarbeidsevner
  • Snakkar og forstår norsk godt

Krav og ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Gyldig vandelsattest frå Politiet
  • Helseattest frå sjømannslege



Arbeidsoppgaver

Som kokekyndig på Mathilde har du ansvar for å laga næringsrik og god kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Du vil planleggja menyar, handla inn og stå for matlaginga om bord. Mange av gjestane våre er born, så det er viktig at du trivst i lag med dei.

I rolege periodar, før og etter sesong, vil du også delta i ulike arbeidsoppgåver knytt til drift av Mathilde.




Vi tilbyr

Kvifor Hardangerjakta Mathilde?:

  • Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen sin og oppdraget vårt i samfunnet.

  • Utfordrande og varierande arbeidsoppgåver som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid.

  • Hardanger Fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

  • Varigheit: Sesongvikariat mars--oktober 2025, moglegheit for fast stilling på sikt

  • Løn: Etter avtale
Sektor
Privat
Sted
Sandvenvegen 58, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Annet
FINN-kode
397538883
Sist endret
13. mars 2025 06:59