Inaktiv

Kulturformidlar lokalhistorie

Arbeidsgiver
Aukra kommune Kultur
Stillingstittel
Kulturformidlar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Aukra kommune søkjer kulturformidlar med ansvarsområde lokalhistorie, 60% fast stilling

Har du eit stort engasjement for å utforske, ta vare på og formidle Aukra si lokalhistorie? Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Vi søkjer ein kunnskapsrik medarbeidar som har lidenskap for kulturarv og ønskjer å bidra til bevaring og formidling av vår lokale historie.

 

Arbeidsoppgåver

· Arbeide for å nå målsettingane i kommunen sin kulturmiljøplan

· Samle inn, forvalte, arkivere og dokumentere kulturhistoriske gjenstandar og arkivmateriale

· Utvikle og gjennomføre formidlingsprosjekt, inkludert utstillingar og arrangement

· Samarbeide med andre tenester, organisasjonar og innbyggarar for å fremme lokalhistoria

· Sekretær for kommunen si sogenemnd

· Noko arbeid knytt til administrative oppgåver på kulturavdelinga

 

Kvalifikasjonar

· Utdanning innan kulturhistorie eller relevant arbeidserfaring

· Erfaring med formidling av lokalhistorie er ein fordel

· Du må vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

· Vere fleksibel og ha evne til å løyse arbeidsoppgåvene på ein effektiv måte, skape forankring og begeistring hos samarbeidspartar

· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

 

 

Vi tilbyr

· Spennande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø

· Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

· Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer

· Kreativt og godt arbeidsmiljø

· Fleksitidsavtale

· Løn etter tariff

· God pensjonsordning

 

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

 

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.

Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" 

Søknadsfrist: 31. mars 2025


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Kontor og administrasjon
FINN-kode
397542121
Sist endret
13. mars 2025 07:21