
Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL
- Frist
- 27.03.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wVitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk
Velkomen som søkjar til ei mellombels 50 % stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 01.04.2025-31.12.2025, med moglegheit for forlenging. Oppstart i stillinga er 01.04.2025 eller etter avtale.
Om instituttet
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Om prosjektet
Prosjektet NONMANUAL studerer ansiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til professor Vadim Kimmelman, 2023-2027.
Meir informasjon om prosjektet her: https://www.uib.no/nonmanual
Arbeidsoppgåver:
- Skriving av programmer i Python for å teste og kalibrere datamaskinsyn (Computer Vision) løysningar for analyse av teiknspråk, særleg for analyse av blunkar, hovudbevegelsar og augebrynbevegelsar.
- Læring av nevrale nettverkmodellar for dei same oppgåvene.
- Datakurering og prosessering for videoar og andre typar data.
- Skriving av andre programmer for tekniske oppgåver i prosjektet.
- Studering av litteratur om relevante tema.
- Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver.
- Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Du må ha BA i datafag, maskinlæring eller liknande.
- Du må ha gode kunnskapar i Python.
- Gode kunnskapar i maskinlæring/dyplæring er ein stor føremon.
- Arbeidserfaring relatert til oppgåvene i stillinga (testing og kalibrering av CV, læring av modellar, datakurering særleg for teiknspråkvideodata) er ein føremon.
- Du må ha gode engelskkunnskapar, sidan prosjektet er internasjonalt.
- Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
- Du må ha interesse for datamaskinsyn og personleg motivasjon for stillinga.
Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn på 525 000 kr i full stilling for dei med mastergrad (kode 1020) og brutto årsløn 465 000 kr i full stilling for dei med bachelorgrad (kode 1019). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:
- Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
- CV.
- Vitnemål og diplomar frå universitet/høgskular og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
- Relevante stadfestingar og attestar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på engelsk, norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar, professor Vadim Kimmelman på telefon: +47 90 24 87 71, eller e-post: vadim.kimmelman@uib.no eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord på telefon: +47 55 58 36 53, eller e-post: anders.fagerjord@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no .
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
- FINN-kode
- 397618560
- Sist endret
- 13. mars 2025 08:09
Mer som dette
