Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver
Herøy kommune, Seksjon oppvekst
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Frist
03.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar til våre ledige stillingar. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum.

Frå 1. august har vi ledige stilling(ar) som fagarbeidar barn og ungdom / assistent i barnehage, grunnskule og SFO.

Stillingane er deltidsstillingar, og det kan verte både faste stillingar og vikariat. I barnehage kan det vere aktuelt med 100 prosents stilling.

Fleire av barnehagane og skulane er aktuelle. På skulane har vi behov både på barnetrinnet og ungdomstrinnet.


Arbeidsoppgåver

  • arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan/strategiplan
  • støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn
  • følge opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
  • utføre praktiske oppgåver både ute og inne

For arbeid i barnehage må ein kunne følge barnehagen sitt vaktsystem.

For arbeid i skule må ein rekne med arbeidstid både i skule og SFO.

Kvalifikasjonar

  • primært fagbrev barn og ungdom, eller anna relevant utdanning
  • erfaring frå arbeid med barn
  • gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • grunnleggande datakunnskapar

For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.

Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • har høg relasjonskompetanse
  • er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
  • er ein god rollemmodell
  • er ein trygg og tydeleg vaksenperson
  • deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
  • er fagleg engasjert, løysingsoreintert, strukturert og fleksibel

Vi tilbyr

  • ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
  • samarbeid og lærande fellesskap
  • pensjons- og forskringsordning i KLP
  • IA-bedrift

Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort.

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, 97542422

Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, 97942299

Arbeidsstad

Rådhusgata 7

6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4934459125

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
397631163
Sist endret
13. mars 2025 08:26