Vil du vera støttekontakt i tilrettelagte tenester?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
Frist
12.04.2025

Beskrivelse

Tilrettelagte tenesterhar behov for fleire støttekontaktar.

Kva får du jobba med hos oss?

Ein støttekontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Arbeidet vil fyrst og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helger. Timetalet er 3 timar per veke. Du får sjølvstendig oppdrag der du, og den du gjev bistand til kan avtale tid og stad for aktivitetar.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Støtte og opplæring etter behov for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med førarkort kl. B
  • Som støttekontakt må du kunne setje deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjera noko meiningsfylt i samspel med andre.
  • polititattest må framsynas ved evetntuelt tilbod om oppdrag.

Personlege eigenskapar:

  • Kunne jobbe sjølvstendig og vera omsorgsfull
  • Påliteleg og halde avtalar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
397632923
Sist endret
13. mars 2025 08:28