100% fast stilling som driftsansvarleg i FDV-seksjonen

Arbeidsgiver
Årdal kommune Tekniske tenester
Frist
27.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me har ledig 100 % fast stilling som driftsansvarleg i FDV-seksjonen frå snarast.

 

Arbeidsoppgåver

FDV-seksjonen har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedommar.

Den som vert tilsett, vil hovudsakleg ha ansvar for tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg for tida i Øvre Årdal. Samstundes må ein vere budd på å utføre ulike oppgåver innanfor FDV-seksjonen og Tekniske tenester sitt ansvarsområde ved behov.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan handverksfag, til dømes automatikar, er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Relevant erfaring med drift, vedlikehald eller eigedomsforvaltning kan kompensere for manglande fagbrev.
  • Praktisk erfaring med bruk av digitale system for drift og vedlikehald kan vere ein fordel.
  • Førarkort, minimum klasse B.

 

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein allsidig og fleksibel person som kan arbeide både sjølvstendig og i team. FDV-seksjonen er ei service-eining, og evne til å kommunisere godt med brukarar og samarbeidspartnarar vert vektlagd.

 

Me tilbyr

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med god kompetanse.
  • Tilgjenge til bedriftshytte på Skeikampen.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter utdanning og praksis jamfør Hovudtariffavtalen.

Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Teknisk personell, Ingeniør, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
397646217
Sist endret
14. mars 2025 06:27