Sjukepleiar/vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Frist
- 03.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ønsker du å bidra til å gi personar med demens ein trygg kvardag? Vi har ledig eit vikariat på 100 prosents stilling for sjukepleiar/vernepleiar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskild med individtilpassa miljøarbeid.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
- seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
- seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Vi er i ein prosess med å planlegge årsturnus, med moglegheit for 12,5 timers vakter på helg for tilsette som ønsker det. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
- drive individtilpassa miljøarbeid
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- ha fagleg hovudansvar for legemiddelhandtering
- utarbeide og følge opp tiltaksplan
- sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi ønsker deg med personlege eigenskapar som varetek desse forventningane:
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møter brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- har vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4928946245
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 03.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsvegen 13, 6080 Gurskøy
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 397679703
- Sist endret
- 14. mars 2025 07:05